Innovation in Public Planning

Aksel Hagen og Ulla Higdem ved Høgskolen i Innlandet har redigert boka Innovation in Public Planning som er utgitt på Palgrave Macmillan. Boka bidrar til planleggingsteorien ved å framheve at «innovasjon» bør vere den tredje pillaren i feltet i tillegg til dei to eksisterande som vektlegg kommunikativ og det pragmatisk tilnærming.

Boka omtalar ei rekkje nye perspektiv på innovativt planleggingsarbeid. I tillegg til Aksel Hagen og Ulla Higdem, har Roar Amdam, Kaisa Granqvist, Raine Mäntysalo, Petter Næss, Hege Hofstad, Gro Sandkjær Hanssen, Hege Hofstad, Josefina Syssner, Marlies Meijer, Toril Ringholm og Ann Karin Tennås Holmen bidratt til boka.

Redaktørane Aksel Hagen og Ulla Higdem ved Høgskolen i Innlandet skriv i boka at planleggarar og politikarar har brukt omgrepet innovasjon for å inspirere sin praksis i mange år. I løpet av dei siste 15 årane har litteraturen om offentleg innovasjon og planlegging utvida seg mykje. Omgrepet «innovasjon» har i stor grad erstatta uttrykk som «endring» og «kreativitet»; det har også erstatta «modernisering», «forbetring av effektivitet» og «forbetring av planleggingsmetodar» i vokabularet i ordskiftet om offentleg sektor og offentleg planlegging. Dersom planleggingsteorien framleis skal vere aktuell og relevant, så er det etter redaktøranes syn nødvendig at innovasjon blir gitt meir teoretisk merksemd i planleggingsfaget. Denne boka tar nettopp sikte på å bidra til diskursen om innovasjon i planleggingsteorien.

Her informasjon om boka på Springer Link

Informasjon på Høgskulen i Volda med vekt på Roar Amdam sitt bidrag.